fredag 31. juli 2009

Tidsbegrep, apar og busstur

Etter ein 24 timar lang busstur frå helvete frå Cape Town/Paarl til Johannesburg/Pretoria, er me no på ein aude aude plass, på eit nytt kristent senter, kallt YFC - Cyara Youth for Christ. Ein time (sånn ca, komme an på trafikk) utanfor Pretoria. Me har no begynt (vore her sidan tirsdag) på Specific Orientation, for alle som skal arbeida i Sør-Afrika.

Klokka er no 16.09. Sessionen skal begynne 16.00. Her har me dei pliktoppfyllande oppmøtte, mr. Hodny og Joyful Janet (og sjølvsagt underteikna som tek bilete). Som dei fleste veit, har eg ikkje akkurat ei plettfri fortid når det gjeld å koma på tida, men her nere...



I bakgrunnen kan du skimta alle teikningane me har laga om korleis me trur host-familyen vår kjem til å verta. I SCORE likar dei flipchart-paper og sticky-notes. Rommet heiter "the shed", og på blikktaket spring det apar og bavianar og bråkar og styrar.



SCORE er forresten organisasjonen me skal jobba med/for her.



Det kjem meir..!

Eg merkar forresten at denne bloggen var eit litt ambisiøst prosjekt frå mi side, og at nynorsken ikkje lenger er kva han ein gong var...
Kyss, klapp og klem

1 kommentar:

  1. Du får skru ner ambisjonane litt då. Bare me får livstegn en gong i ny å ne, så ska me ikkje klaga (men ska ikkje snakka for adle...)

    SvarSlett