fredag 13. november 2009

"Joggetur" - legobyen og modellshow

Modellmamma og hans protegeer "backstage" på Day'la'D.

I kveld tok eg ein joggetur - fekk bekrefta kor lite eg likar å jogga. Spesielt når du ikkje har ein salteskog eller sandstrand å gøyma deg vekk på, bare veger og gater fulle av (fulle) folk som ser deg pese av garde og helst vil ha eit vink og litt drøs, eller i det minste eit hei. Eller dei skular på deg – kva driv ho kvitingen med her..? Det er det kjekkaste… Prøver meg med eit vagt smil, får eit morskt blikk att. Ok… Spring vidare eg! Smiler og vinker til ungane som roper "gulli gulli" eller "MISS LIIINAAA!!! og fniser.

Det slår meg av og til at eg ikkje trur denne staden her er heilt verkeleg. Husker du den barnetv-serien når me var små, der ein gut bygde ein by i lego, og så blei denne byen faktisk verkeleg? I det minste for han?

Sånn kjennest faktisk av og til her… Eg vaknar av ein draum. Alle dei fargerike små husa ligg utover, mest som ferdigpakka murklossar frå fabrikken, det finst om lag 3-4 standard typar, stua på rekke og rad. Nokre gater har litt meir forseggjorte hus, med hagar fulle av nips og krims. Litt som polly pocket hus. Fortsatt ikkje mange kvadratmetrane, men svært velfylte. Stovene er fylt til randen av gull og messing-nips, og på veggen heng diverse diplom ungane i den alltid svært utvida familien har motteke opp gjennom åra.
-Fantastisk hemningslaus og hensynslaus ninja-style på volleyballen på sportsfasiliteten - i bakgrunnen skimtas tomannsbustader på rekke og rad. Dei er altså delt på midten og serves to familias.

Dette er ikkje meint som ein hoven og nedlatande forteljing, det er bare at det er så merkeleg for meg å skjøna meg på livet her av og til. For meg, oppvaksen med omtrent ein kilometer til næraste nabo, er privatlivets rammer og moglegheitene for fred og ro her noko heilt anna.

Eg ser for meg at det måtte vore ufatteleg spanande å kome her som barn.

Alltid folk ute i gatene. Ungane virker ikkje til å særleg med curfew.

Eg trur det som forsterker dene uverkelegkjensla, eller, framand-kjensla - ein frustrasjon over kultur og verdiforskjeller som til tider er vanskelege å akseptere. Ein kan respektere, prøve å forstå... Men nokre ting slår meg fortsatt som merkverdig og framand når eg kjem over det.

Måndag og tysdag var det ”all-pay” her. Dvs. trygd og diverse stønader blir betalt ut. Då er det god stemning i dorpen.

På veg heim frå eit møte på sportsfasiliteten sat ein gjeng utanfor eit hus, midt på fortauet, såg ut som mor, mormor, kanskje nokre systrer og deira ungar, og dei song muntert– og drakk sine Black Labels. Litt lenger, og du kjenner lukta av frisk norsk skog, og ”okka”-pipa blir sendt vidare til nestemann.
Ikveld blei eg igjen spurt om å delta på nok eit modellshow - har til no vore tilkodar og konferansier, og fått svingt meg over catwalken, og skulle denne gong stille som dommar, og tittelen på showet var "Miss Cleavage" - grøss- på den nylig gjenopna utestaden Oasis Tavern. Det var det eine damefotball-lget her som var arrangører, for å tjene penger til klubben. Og det ville bety veldig mykje for dei om eg kunne støtta dei, då dei er den yngste klubben her og enno strever litt med å etablera seg. jajaja...

Miss DaylaD modellshow:Come on mr Dj won't u turn the music up-

Heldigvis fekk dei ordna nokon andre, så eg slapp å nekte. Sjølv om eg då går glipp av ei heftig natt på nattklubben og sikkert masse løye. Men sist gong eg såvidt våga meg innanfor døra på den eine puben her blei eg kryssforhørt om dette i to veker etterpå, så eg unngår det helst for ein kvar pris. Eg blei fortalt av ein av dei eg jobbar med her, at om eg tenkte å vere dommar i kveld, måtte eg skaffe meg "security". Dette var fordi alle gutane (visstnok) ville legge seg etter meg, og eg dermed ville få alle jentene på nakken. Herlig!

Dei har tre gjengangarar av fund-raising events her som er bankers, den eine er altså modell-show, den andre er snoek-braai - grilla fisk. Imorgon skal eg kjøpa meg ein tallerken grilla fisk, og den 28. skal me ha snoekbraai sjølv til inntekt for SCORE her. Den tredje er "dances", altså disko eller rett og slett dans på samfunnshuset. Av desse tre er altså fish-braai min absolutte favoritt! Snoekbraai:


Okei - nok Dysselsdorp liv for nå - god helg og snakkes snart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar