Klokka er no 16.09. Sessionen skal begynne 16.00. Her har me dei pliktoppfyllande oppmøtte, mr. Hodny og Joyful Janet (og sjølvsagt underteikna som tek bilete). Som dei fleste veit, har eg ikkje akkurat ei plettfri fortid når det gjeld å koma på tida, men her nere...
I bakgrunnen kan du skimta alle teikningane me har laga om korleis me trur host-familyen vår kjem til å verta. I SCORE likar dei flipchart-paper og sticky-notes. Rommet heiter "the shed", og på blikktaket spring det apar og bavianar og bråkar og styrar.
SCORE er forresten organisasjonen me skal jobba med/for her.
Det kjem meir..!
Eg merkar forresten at denne bloggen var eit litt ambisiøst prosjekt frå mi side, og at nynorsken ikkje lenger er kva han ein gong var...
Kyss, klapp og klem
Du får skru ner ambisjonane litt då. Bare me får livstegn en gong i ny å ne, så ska me ikkje klaga (men ska ikkje snakka for adle...)
SvarSlett